Rettslege avklaringar om persontilpassa medisin

Utvalde rettslege avklaringar om persontilpassa medisin

Det er mange rettslege problemstillingar knytt til persontilpassa medisin. Hittil har Helsedirektoratet avklart følgande spørsmål.

Kva som kan inngå i eit register med tolka genetiske variantar (2022)

Helsedirektoratet avklarte spørsmål frå Helse Sør-Øst om kva som kan inngå i eit register med tolka genetiske variantar, jf. pasientjournallova § 9a og Forskrift om hvilke helseopplysninger som kan behandles i et behandlingsrettet helseregister med tolkede genetiske varianter, som har heimel i § 9a.

Rettleiing om dette blei sendt til dei medisinsk-genetiske avdelingane i september 2022.

Veiledning om register for tolkede genetiske varianter (pdf).

 

Forslag til ny lovheimel i pasientjournalloven for deling av tolka genetiske variantar (2020)

I mars 2020 leverte Helsedirektoratet ei utgreiing med forslag til ny lovheimel i pasientjournalloven for at ein skal kunne dele tolka genetiske variantar utan å samarbeide om eitt behandlingsretta helseregister. Denne utgreiinga er ein del av forarbeidet til heimelen i pasientjournalloven § 9 a, og for Forskrift om hvilke helseopplysninger som kan behandles i et behandlingsrettet helseregister med tolkede genetiske varianter.

Forslag til regelverksendring for å kunne etablere et bandlingsrettet helseregister med tolkede genetiske varianter (pdf)


Rettsleg handlingsrom for deling av tolka genetiske variantar (2020)

I januar 2020 gjorde Helsedirektoratet greie for det dåverande rettslege handlingsrommet for å dele tolka genetiske variantar mellom verksemder.

Beskrivelse av handlingsrommet i gjeldende rett for deling av tolkede genetiske varianter og opprettelse av et helseregister med tolkede genetiske varianter (pdf)
 

Avklaring av rettslege rammer for å vurdere om tolka, genetiske variantar frå pasientar er anonyme (2019)

I desember 2019 ga Helsedirektoratet ei fortolking som avklarar rettslege rammer for å vurdere om tolka, genetiske variantar frå pasientar er anonyme. Dette var eit spørsmål frå Helse-Sør Øst.

Svar på spørsmål i oppdragsbrev fra Helse Sør-Øst RHF (pdf)
 

Først publisert: 31.01.2024 Siste faglige endring: 31.01.2024 Se tidligere versjoner